Det har gått 6 år sidan solskinnsdagen i 2005.
Denne solskinnsdagen jobbar pappa P kl. 13 - 21 og dei få ledige familietimane brukte me på legevakta. Ella flaug i salongbordet, og ein stygg Donald-kul vaks på sekundar i panna hennar. Det såg litt skummelt ut, og ho vart litt satt ut, så me syns det var best å få sjekke hovudet hennar. Men det var fint det, og det var stort sett heiaheia-springing rundt på legevakta : )
No søv ho, og eg har dekka bord og er klar for at pappa P skal kome heim med asiatisk.
Det gjekk akkurat opp for meg at eg fekk Paris-tur på denne dagen i fjor. Ingen slik luksus i år, verken den eine eller andre vegen.
Jaja. Eg har kjøpt meg ny symaskin : )
Gratulerar med dagen, kjære mannen min! Du er den beste!
♡


Gratulerer med overstått bryllupsdag og GRATULERER med ny symaskin!!!!
SvarSlettLykke til med flyttinga................