lørdag 4. juni 2011

0 NM i grilling

Nei, me har ikkje delteke. Men det var det kanskje ingen som trudde, heller...
Me har smaka litt då, og nytt bylivet i Sofienbergparken ein VARM junidag. Eg lengta etter svaberg og sjøbris, men pappa P jobbar tåpelege tider i helga, så slikt vert vanskeleg å få til.
Så me tusla ned i parken for å støtte opp om kamerat V sitt grillteam Barbie Q i NM i grilling. Og jammen tok dei ikkje pokalen med seg heim! 
Det skal seiast at kamerat V kun var i huga supporter, men han har nok fått eit par grilltips av sin dyktige nabo, så eg trur jammen me skal invitere oss sjølv på grillings uti Langhus ein dag.
Bylivet er herleg, då!
Me må nyte det så lenge det varer. No nærmar det seg slutten på Osloepoken. Meir om det når me veit meir... 
Enn så lenge, litt ordentleg parkliv:













Til og med eit magebilete av ho mor. Det skal seiast at eg kjenner meg omlag dobbel så stor som eg faktisk er. Men eg syns i grunn eg ser stor nok ut også, det er trass alt over 9 veker att...


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!