lørdag 18. juni 2011

0 The rising cabin

Den lenge planlagde hyttebygginga til mormor G og morfar B (altså min mamma og pappa!) på Flatholmen har byrja. Det har teke lang tid med papirarbeid, søkjing, godkjenningar og alt som fylgjer med. Ekstra vanskeleg er det ute i dei omtrent freda holmane. Svært lite bygging er lov. Denne hytta vert bygd på gamle grunnmurar til eit sauehus og eit uthus, og kom difor til slutt gjennom papirmølla som pedantane i kommune og fylke sit og sveiver på. I snegletempo. 


Hytta vert bygd på tunet til "gamlahuset", som etterkvart vart ei hytte det også då det vart restaurert ein gong på 50-talet. Tidelegare var dette barndomheimen til min morfar, som vart fødd i 1913. Det var nok vakkert der då også, men neppe så idyllisk med stor syskjenflokk og ingen pappa. Men det er ei anna historie.
Gamlahuset er også "vårt" (mamma og pappa sitt).


Dette vert femte hytta på holmen. Og den vert FLOTT! Arkitektteikna, med den beste utnyttninga av lys og utsikt. Det vert både sibirsk lerk, naturstein, mykje vindauger og plexiglas. Spanande?!



Vår familie har alltid budd ein ti minuttars båttur frå holmen, og bruken har vore dagsturar og ikkje mykje overnatting. Dette vert det nok endringar på når me har moglegheit for å ligge på hemsen og sovne og vakne til denne utsikten. Familien på fem er også vorte ein familie på snart 15, så det kan jo også ha ein innverknad. Me må spreie oss litt : )



Dette blir så bra!

post signature

Og forresten! Me har kjøpt rekkehus på andre sida av landet. Det blir berre SÅ gøy å flytte høygravid : )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!