søndag 5. juni 2011

0 Gode ting skal delast!

I dag kom bakeanda over meg (lysta, ikkje fuglen). Eg dukka ned i skattekammeret av ein oppskriftsperm, og sende pappa P på butikken for å handle råvarer. Bunnpris rett over gata er GULL!
Jorbærkaka til våre vener i Fredrikstad er ei Somarkake med stor S. Den eeeer så god! Og det slo meg at eg aldri har laga den sjølv, og dermed ikkje ete den på ei stund, for K og TA flytta jo i fjor. 
Så eg prøvde meg. Den står usmaka i kjøleskapet og ventar på at mannen skal kome heim frå jobb så me kan nyte den saman.
Slikt har han fortent, han som står opp med Ella i tide og utide. Eg er jo tidvis ubrukeleg kone og mor med denne magen og alt som høyrer med...






Og ikkje berre skal eg dele med han, denne oppskrifta skal du få av meg. Eg har ikkje ringd til Fredrikstad for å spørje, men K og TA har store hjarte, så eg tenkjer det går bra : )

Jorbærkake

Du treng:
1/2 korg jorbær
2 bananer
100 g melkesjokolade
2 pk kremfløyte
2 pk jordbærgelé

Dette gjer du:
Lag geléen med 7 dl vatn, og la den avkjøle til den byrjar å stivne.
Pisk kremen.
Skjær jordbær, bananer og sjokolade i passande bitar.
Bland geléen og kremen saman med ei sleiv/slikkepott og tilset jorbær, banan og sjokolade.
Ha så alt i ei kakeform med plastfolie i botn og set den i kjøleskapet.
La den stå å stivne i nokre timar før du vender den på eit fat.
Pynt om du vil.

Eg brukte den minste kakeforma, då rann det over, så eit hakk større er nok fint.


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!