mandag 23. januar 2012

0 Den gongen...

Min oldefar skreiv ein liten setning eller to mest kvar dag i mange år. Desse er blitt trykt opp på nytt og fleire av hans etterfylgjarar kan no lese om kva kvardagen gjekk i på hans tid. Det var når nytt om familien kom via brevpost og telegram, og ikkje stadig oppdaterte facebook-statusar.


Eg har kjøpt meg ein kalender for å skrive ned små, kanskje trivielle ting i kvardagen. Som at Erik ler når han et graut, eller at eg har stått på bortoverski for fyrste gong på sikkert femten år (men det er ikkje før seinare i kveld).


Kanskje mine oldeborn les om min kvardag ein gong i framtida?
Om gamledagar med iPhone og Facebook...


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!