søndag 22. januar 2012

2 Forandring i planar

I dag smilte sola, og me pakka oss opp til trilling og grilling. Pølser, pinnebrød, kakao, sjokolade og rosiner. Og kamera, så klart.
Vel... ser de koselege turbilete på bloggen i dag?
Me valde feil trillerute i dette noko uutforska nærområdet. Me kom oss aldri ned til stranda og passande grillstad. Ein set seg liksom ikkje på ein privat kai...
Så me grilla pølser i vedomnen då me kom heim att. Jepp.
Tulipanane haldt oss med selskap.


Ein finfin søndag, med andre ord! 
God vekestart!


post signature

2 kommentarer:

  1. Flott tur, men peisovnen vår er ikke skapt for pølsegrilling.
    Da vet vi det til neste gang.

    SvarSlett
  2. Neste gong får bli ein gong me ikkje har besøk, så kan me hjelpa dåke å finna fin grillplass :)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!