Medan me pratar om heimelaga...
Eg har jo ikkje vist dei fine skålene eg anskaffa me rett før jul!
Dei vart til av ei kokkosnøtt frå Kiwi. Butikken, altså.
Igjen i ypperleg samarbeid med skipsingeniøren - pappaen min, altså. Eg instruerte, han saga, eg skrapa, vaska og pussa.
Rundt lysa har eg litt aluminiumsfolie ettersom det er hol i botnen på den eine. Planen er å lime på ein litn botn i papp, så kan dei brukast til meir : )
Her går det i Kleenex og ... ja, eg treng jo ikkje gå i detaljar, men me er forkjøla. Eller, i alle fall eg. Passa litt dårleg på heimedagen til Ella, men me klarde no å kose oss litt med tull, tøys og billedlotto, før Pappa P tok ein tidleg ettermiddag frå jobben og avlasta litt.
Eg tenkte eg skulle ete litt mindre søtt framover (sikkert ikkje den einaste?), og det er vaaanskeeeleeeg når ein syns synd i seg sjølv på ein dag som i dag. Tru om romsteringa på kjøkenet i skrivande stund betyr at Pappa P skal lage fruktsalat...
Håpe håpe håpe!!
♡




Oi! Så fine dei er! Du er flink :) Berre et snop og søte ting så lenge du ammar :) (Trur eg må amma Olav lenge.....)
SvarSlettKnall kule!!
SvarSlett