Godt nytt år!
Her er fyrste kvardagen etter jul og nyttår brukt til å gire ned etter ei travel og triveleg romjul. Bortsett frå ein deilig, roleg 1. juledag har me vore på farten, eller teke i mot besøk. Me har møtt familie og vener i mangetal. Nokre ser me relativt ofte, andre heller sjeldan.
2011 vart eit år med mykje forandring for vår del. Magen til ho mor var stadig i forandring utover vår og sommar. Same dama fekk fast jobb på ein skule ho trivdes veldig godt. Så fant me ut, litt brått, dog etter mange års tenking, at me skulle flytte heim til vestlandet. Me kjøpte og solgte bustad i ein fei, og var ganske godt nøgd med begge deler. "Heim" med stort flyttelass og rett i armane på herleg Amerikabesøk, reservefamilien min, som gjorde mine siste høygravide veker til ein leik. Og jammen fekk dei møtt Erik også, det absolutte høgdepunkt i 2011. Ein fantastisk liten krabat som smiler til livet kvart minutt. Nesten. Hausten har me brukt til å tilpasse oss ny størrelse på familien, i nytt hus, i ny landsdel (det er trass alt 11-12 år sidan sist). Artig! Artigare om det hadde regna litt mindre.
Så, 2012, kva har du å tilby?
Kva ventar på oss der framme...?
Sikkert fleire som undrar på det. Forhåpentlegvis vert det artig å finne det ut ; )
♡


Godt nyttår!:) Va kjempekjekt å sjå dåkke alle i romjula!!
SvarSlett