fredag 6. januar 2012

1 Forandringar

Så langt i år er eg godt nøgd med forandringar eg har gjort.
Me har hatt tre nye rettar på middagsbordet, eg har oppdatert babybøkene til mine to skjøne OG eg har kjøpt meg ein almanakk for 2012. Almanakken skal eg skrive ein setning eller to i kvar dag. Om kvar dag. Inspirert av min oldefar som gjorde det same for maaaange år sidan. 
   Bloggen har også fått nokre forandringar i lay-outen i kveld. Den vart noko bleik, så mogleg den vert forandra att om ei lita stund... Men det var tid for forandring. Ella var 9 mnd på bileta i den forrige headeren, og det er jo ikkje heilt 2012!


Pappa P er reist på jobb i Oslo for helga. Ella og eg har hatt det travelt med å springe opp og ned trappene for å gje julebukkane godis. Over femti born har sunge på trappa vår i kveld. Puh!

God helg til deg!


post signature

1 kommentar:

  1. Fin lay-out:) Og endå finare Ella:) Så koselig at get er julabukker, eg fryktar jo skikken er i ferd med å dø ut til fordel for Halloween, har ikkje sett någen julabukker i år i alle fall....

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!