onsdag 16. mars 2011

2 2 år!

Søte, store, litle jenta vår er vorten 2 år!
Gratulerar med dagen i går, Ellapusen!


Dagen var berre god, med lang god frukost, kroooone i barnehagen, og familieselskap med pizza og bløtekake på ettermiddagen. Ella fekk ete så mykje kremkake ho berre orka, og utnytta det finfint.
Tante Monica, Bergljot, Sven Atle og Eiril kom på besøk og gjorde stas på bursdagsbornet.

 

 Ella fekk fine gåver, og har no gått rundt og servert kake og te i bursdagskrone to ettermiddagar på rad. "Fin" seier ho, og set den på hovudet. Ja, kvifor skal den stå på hylla og støve ned, eigentleg?


Me sakna sjølvsagt pappa P som sat lang oppe i Tanabru. Eller var det Kirkenes? 
Alt for langt borte, i alle fall.


I dag var det tidleg morgon, og lang dag i barnehage og på jobb, og mormor måtte reise heim att.
"Mommooo!!" ropa Ella opp trappa då me kom heim. Eg hadde i grunn lyst å gjer det same : )
Takk for besøk, vårreingjering, stryking og frukost kvar morgon, mormor. Me saknar deg allereie!


post signature

2 kommentarer:

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!