søndag 6. mars 2011

4 Lukka er litt tyll og silkeband

Grunna vinterferie og sjukdom fann me først ut på onsdags ettermiddag at det skulle vere karneval i barnehagen på fredag. Eg som hadde SÅ store planar om å sy noko artig, men det hadde eg verken stoff eller tid til. Så me brukte eit par ettermiddagar på å bli betre kjend med det store, skumle ballerinaskjørtet ho fekk i sommar.

      

Øving gjorde meister, og ballerinaen vår dansa seg gjennom heile fredagen i rosa tyll og silkeband rundt anklane. Sminke måtte jo også til, men det meste var klistra til ermene i det me vinka hadet i barnehagen.
 Snørrtørka tok alt med seg.


Til min store skuffelse vart bileta forferdeleg kornete, eg gløymde litt ut at eg ikkje knipsa med 5D-en då eg hadde ISOen på 1600 : ( Det funka ikkje for Powershoten...

post signature

4 kommentarer:

  1. Så fin ho var! Du får sikkert tid til å sy noko til neste år når ho skal på karneval. Og då har ho sikkert ei meinig sjølv om kva du skal sy :) (Selma elskar prinsesskjolen eg sydde til ho i fjor, og den passar framleis :) )

    SvarSlett
  2. Oooo, nytt utseende!! Fiiiint:)

    SvarSlett
  3. Æsj, ja, eg kranglar litt med systemet, og det ser ut til at eg tapar... ikkje heilt slik eg ville ha det, men shit au..

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!