onsdag 23. mars 2011

9 Ein ny sort!

Då har me vore og sett at alt er bra, og kan lukkeleg fortelje at me blir tobornsforeldre i august. Mange veit det, jo. Ikkje så mange veit at Ella skal få ein liten BROR!

 

Haha, eg trur faktisk både eg og pappa P vart like overraska. Eg trudde ikkje eg hadde noko formeining, men underbevissheten min hadde visst tenkt jente att : )
Utan tvil må me på kledeshopping etterkvart. Det er ein del i skåpet som kanskje ikkje er så snilt å kle opp veslebror med. Han skal få sleppe å ha på kjole.

 

Formen er fin. Litt småuggen og ganske trøytt i nokre månadar, fulgt av alle vinterskavankar det nesten er mogleg å få dei siste vekene, men NO er formen fin. Magen veks, mykje fortare enn sist, og eg fekk i dag beskjed om at eg er halvvegs. Så då hoppa me halvanna veke fram. Gjer ingenting det.


Buksa på bilete er ikkje til broremann, men eg trur han må få ei, for den vart veldig søt, syns eg : ) Denne er til ein anna ny liten mann. Forhåpentlegvis kan den brukast til hausten. Den skal få litt tilbehøyr, og så sendast avgarde.

Og forresten.. det har vore litt problematisk å leggje inn kommentar etter eg forandra på lay outen, men trykk mange nok gongar (i alle fall tre) på "legg inn kommentar" så går det til slutt, skal du sjå!
post signature

9 kommentarer:

  1. Ella skal få en bror - HURRA!!

    (og hurra for at jeg faktisk klarte å kommentere...)

    SvarSlett
  2. Så kjekt med ein gut! Buksa var kjemepfin! Viss Astrix tåler ull kan eg kanskje låne oppskrifta??? Men gidd ikkje strikka noko han ikkje kan bruka...det blei gjort nok til Magnus. Så eg får venta litt og sjå. Han må i alle fall koma ut først...

    SvarSlett
  3. Ny kommentar berre for å sei at eg hadde ingen problem med å leggja inn kommentar....

    SvarSlett
  4. Hurra! :-) Award på min blogg til deg! God helg!

    SvarSlett
  5. Gratulerer. Så gøy med en liten gutt på vei. Må innrømme at jeg håper han kommer den 13 august. :-)

    SvarSlett
  6. Sååå kjekt! Gratulerer:) Og FIIN bukse!

    SvarSlett
  7. Tusen takk, alle sammen. Skulle gjerne visst kven "anonym" er... : )

    SvarSlett
  8. Gratulerer her også. :)

    Så utruleg fin bukse! Har du oppskrift på denne? Er den vanskeleg å strikke? Eg strikkar ikkje, men eg trur eg skal få lagt inn bestilling til eine tanta. ;)

    Er alltid godt å svinse innom bloggen din, her er så mange fine bilete. :)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!