
Me feira med amerikanske pannekaker til frukost. I laupet av året mitt i USA, var det mange slike sundagsmorgonar. Seinare har det ikkje vore mange nok.
Steiketakka fekk me frå tante Magnhild og onkel Birger til bryllaupet, og må vere ei av gåvene som har vore mest brukt. Heilt super!
Sjølv om eg ikkje hadde alle ingrediensane til kokebokas beste oppskrift, var dei likevel HERLEGE. Rykande ferske med blåbærsyltetøy. Når det er tomt på tallerken steiker me nye på få sekundar. Mmmm!
Men eg må hugse og bestille maple syrup-favoritten når gjengen kjem frå Minnesota til somaren!
♥



Kvalitetspannekaker!!
SvarSlettBestille lønnesirup til oss og!!!
SvarSlettSå nydelig bilde av Ella og Petter!
SvarSlett