Jammen var det godt at mormor lenge hadde planlagd å kome når mannen i huset skulle til Finnmark ei veke. Eg er sjukemeld for bihulebetennelse, den er seig, men formen er ABSOLUTT stigande. Eg har aldri hatt bihulebetennelse før, og vil helst sleppe å ha det igjen.
Men mormor redda oss altså litt! Ikkje berre står det bløtekake i kjøleskåpet, men vindaugo og kjøkenet skin om kapp. Det er nye blomar og planter i potter og vasar, og leiligheten luktar stadig såpe og kaffi. Ho er flink og arbeide ho mormor, men ho er også flink å kose seg med kake og kaffi. Mmmm : )


Midtpunktet for morgondagen tok eit 50-minuttars langt bad, og burde vere gullande rein til festdagen.
I morgon vert det ganske-finstas og sjokolademuffins med rosa frosting i barnehagen.
Etterpå... ja, det kan vere ein overraskelse : )

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!